Vi har eitt hovudopptak til ledige plassar frå august. Søknadsfrist er 1. april. Elles kan de søke heile året, og vi tek opp barn etter kvart dersom det er ledige plassar. Barnet beheld plassen fram til og med 15. august det året barnet vert skulepliktig.

Du har rett til barnehageplass frå barnet fyller eitt år dersom barnet ditt fyller eitt år før 1. desember, og du har søkt før fristen for hovudopptaket har gått ut. Dersom barnet ditt er under eitt år, kan du få tilbod om plass dersom det er ledig kapasitet.

Klikk her for å søkje om barnehageplass...

Vilkår

Desse blir prioriterte ved opptak:

  • Born med nedsett funksjonsevne
  • Born som barnevernstenesta har overteke omsorga for
  • Born som treng hjelpetiltak frå barnevernstenesta

I tillegg har barnehagane eigne opptakskriterium.

Uttale frå sakkyndig instans skal leggjast ved søknaden dersom barnet ditt har rett til prioritet.

Klagerett

Ved hovudopptak kan du klage over avslag på søknad om barnehageplass. Du kan òg klage dersom du ikkje får oppfylt verken det første eller andre ønsket ditt. Ved supplerande opptak kan berre søkjarar til barnehagen som har rett til prioritet, klage. Klagefristen er normalt tre veker frå du mottok vedtaket. Klaga sender du til kommunen.

Dersom kommunen finn at barnet ditt skulle ha fått tilbod om den ønska plassen, skal det få tilbod om første ledige plassen etter at born med lovfesta rett til prioritet har fått tilbod om plass. Dersom du ikkje får medhald, går saka vidare til klagenemnda i kommunen, som er klageinstans.

Kontakt

Dersom du har spørsmål, kan du ta kontakt med barnehagestyrar,
eller rådgjevar oppvekst, tlf. 57 78 20 05