Vaksina vert anbefalt til unge kvinner for å førebyggje livmorhalskreft og forstadier til livmorhalskreft forårsaka av HPV-infeksjon.

HPV-infeksjon er den vanlegaste seksuelt overførbare infeksjonen i verda. Dei fleste som er seksuelt aktive blir smitta i løpet av livet, dei fleste i ung alder.  Infeksjonen er som regel ufarleg og går over av seg sjølv, men nokre får ein vedvarande infeksjon som på sikt kan føre til livmorhalskreft. Kvart år får om lag 300 kvinner i Noreg livmorhalskreft, og 65­-100 dør av sjukdommen. Vaksina kan gje beskyttelse sjølv om ein har debutert seksuelt.   

HPV-vaksine har vore ein del av barnevaksinasjonsprogrammet til jenter i 7.klasse sidan 2009. Frå hausten 2016 kan uvaksinerte kvinner født 1991 og seinare også få tilbod om gratis HPV-vaksine. Tilbodet er midlertidig og varer i ein toårsperiode fra hausten 2016. Vaksinasjonen består av tre vaksinedoser gitt i løpet av 6-12 månader og må difor starte opp innan utgangen av 2018.

I Gulen kommune tek du kontakt med helsestasjonen ved leiande helsesøster Hennie K. Lefdal på mobil tlf/sms 97975760 eller epost hennie.lefdal@gulen.kommune.no for informasjon og timebestilling.
Vaksinering vert utført på Gulen helsestasjonen, Eivindvikvegen 1102, 5966 Eivindvik etter timeavtale.

Klikk her for meir informasjon om HPV og HPV-vaksine...