Draumeplassen har som mål at det blir etablert fleire møteplassar i nærnaturen. Møteplassane vil auke folkehelsa, gje læring, skape meistring og spreie smilande naturglede. Draumeplassen vil vere open og tilgjengeleg, og gjerne universielt tilrettelagt.
Lokale lag og organisasjonar kan no søkje om å bli ein av fem vinnarar, som kvar vil få tildelt 100 000 kroner, samt prosjekthjelp til å realisere sin naturmøteplass. 

I år gav Gjensidigestiftelsen støtte til Draumeplassen i tre nye fylke.  
Dei fire fylka som arrangerer Draumeplassen-konkurransen 2019 er Troms, Møre og Romsdal, Østfold og Sogn og Fjordane. 

Det er fjerde gong Draumeplassen vert lyst ut i Sogn og Fjordane, og konkurransen i år har søknadsfrist 15. mai. 

For å lese meir om Draumeplassen kan ein trykke her.