testerGulenNyheiter18.10 vart det arrangert dialogmøte og idrettsseminar på Vidsyn

18.10 vart det arrangert dialogmøte og idrettsseminar på Vidsyn

Det var presentasjon av idrettslaga i Gulen og Masfjorden og deira aktivitet. Vestland Idrettskrets orienterte om krets og idrettsrådsarbeid.

Vi fekk og presentasjon av planar for svømmeanlegg/ fleirbrukshall i regi av næringslivet i Sløvåg.

Idrettsseminar

  • Psykologispesialist i allmennpsykologi i NFF Iver Strandheim snakka om viktigheta av søvn for born og unge. Og kva forlite søvn kan føre til.
  • Vår ferske OL-meister i Tokyo på 100 m – Salum Kalsafadi  2% syn-100% visjon

Salum kunne fortelje si sterke historie som flyktning i barndommen. Der målet for dagen var å finne mat til seg sjølv og familie. Norge og idretten vart redninga hans. Han fortel om den inkluderande idretten han møtte i Norge som gav han håp og mestringsfølelse igjen. Som ung voksen mista Salum synet, han fortalte ei imponerande historie om korleis ein toppidrettsutøvar som mister synet kan meistre ei så stor utfordring og samtidig nå sine mål og visjonar.

Helge Brekke arrangør av seminaret og redaktør av boka «Handboka for unge idrettsutøvarar og trenarar» delte ut boka «Handboka for unge idrettsutøvarar og trenarar» til alle idrettslaga i Gulen og Masfjorden.

Brekke har fått 18 prisar /utmerkelsar for sitt arbeid som rektor, folkehelsearbeidar, trenar og samfunnsbyggjar, kanskje mest kjent som primus motor bak knarvikmila. Boka inneheld 30 ulike tema. Den er først og fremst  skriven for dei unge, men trenarar foreldre/føresette kan også ha stor nytte av å les boka. Uttale frå Anne- Kristine Aas, Hordaland idrettskrets, seier denne boka bør snarast bli pensum på alle idrettslinjer i landet, og kan slukes av idrettsutøvarar, foreldre og trenarar landet rundt!

Vi må takke næringslivet i lokalsamfunnet som har kjøpt bøker og gitt til alle idrettslaga i Gulen og Masfjorden gratis. No har alle idrettslaga denne boka tilgjengeleg , kvart idrettslag har valt kor mange bøker dei ville ha. Næringslivet har og sponsa seminaret. Vi er heldig i Gulen og Masfjorden som har eit næringsliv som ser viktigheita med idretten og er villig til å satse på idretten.

Nils R Sandal leiar i Vestland Idrettskrets runda av kvelden med ei oppfordring til alle lag og organisasjonar om å halde fram med den gode og viktige jobben frivilligelag og organisasjonar gjer. «Idretten er limet i lokalsamfunnet» Han oppfordra kommunane til å samarbeide på tvers.

Ein stor takk til John Torsvik -Masfjorden idrettsråd og Helge Brekke som arrangerte dette dialogmøtet og seminaret. Og takk til næringslivet som sponsa seminaret.


Sist oppdatert: 26.04.2022
Publisert: 20.10.2021