testerGulenNyheiterFotokonkurranse - Ny samfunnsplan 2022 – 2034

Fotokonkurranse - Ny samfunnsplan 2022 – 2034

Samfunnsplanen er bygd opp slik at kvart kapittel skal ha eit representativt bilete.Vi treng bilete innan desse kategoriane;   

(1)Forord, (2)Samfunnsplanen, (3)Barn og unge, (4)Vaksne og eldre, (5)Bustad, stadutvikling og arealforvaltning, (6)Næring og sysselsetting, (7)Miljø, klima og forureining, (8)Kultur, idrett og frivillig arbeid, (9)Samfunnstryggleik / beredskap.
Vi treng i tillegg eit
(10)hovudbilete til planen. 
 

-Kva er din favorittstad i Gulen? Har du eit blinkskot frå kvardagen i kommunen? 

Det blir kåra ein vinnar innan kvar “kategori” som mottek ei merksemd frå kommunestyret som vedtek planen.  

Konkurransen er open for alle, og bileta må vere tatt i Gulen kommune. Vi ynskjer bilete frå alle årstider, så sjekk mobilen og kameraet.  

Reglar 

  • Bidrag til konkurransen sendast til fotokonkurranse@gulen.kommune.no
     Hugs namn, adresse, telefonnummer og stad der biletet er tatt. 
     

  • Bileta må vere i jpg-format og med høg oppløysing då bileta skal brukast i fleire format. 

  • Du kan bidra med så mange bilete du ynskjer. 

  • Du kan berre bidra med bilete du sjølv har tatt. 

  • Bileta kan vere enkelt bildebehandla. Dette må eventuelt komme fram av innsendinga.  

  • Bileta blir vurdert etter skjønn; med vekt på at dei skal representere kommunen våre. 

  • Dersom det ikkje blir levert passande bidrag med god nok kvalitet, i ein eller fleire kategoriar, vil kategorien (-ane) gå ut av konkurransen.  

  • Juryen består av prosjektleiargruppa til samfunnsplanen. Juryen sine medlemmar kan ikkje sende inn bidrag til konkurransen. 

  • Naudsynte personopplysningar blir handsama for å administrere konkurransen. Når konkurransen er avslutta og vinnarane er kåra, blir alle data sletta. Det blir inngått avtale med vinnarane vedk. bruk av bileta i samfunnsplanen. Her blir opphavs- og fotorett sikra. Personar som deltek på bilete, må ha samtykka til bruk av bilete. 

  • Det er berre vinnarbileta som blir publisert. 

  • Bilete levert etter konkurransen er avslutta blir ikkje vurdert. 

Har du spørsmål om fotokonkurransen, ta kontakt med Sandra Skutvik på e-post sandra.sofi.skutvik@gulen.kommune.no. 

 

Konkurransen vert avslutta tysdag 19. april.2022. 


Sist oppdatert: 26.04.2022
Publisert: 28.03.2022