testerGulenNyheiterHar du behov for støtte til å endre levevanar?

Har du behov for støtte til å endre levevanar?

Kurset skal lære deg korleis meistre sjukdom og belastningar, og vil gi deg innsikt i smarte livsstilsendringar som til dømes sunnare kosthald, aukt fysisk aktivitet eller kutte røyk/ snus.

Kurset baserer seg på helsedirektoratet sine anbefalingar, og er ei kursrekke der kvar kurskveld bygger på kunnskap frå ein tidlegare kurskveld. I tillegg til kurskveldar vil du også få ein individuell samtale ved oppstart og slutt, samt midtvegs ved behov. Kurset vil gå på ettermiddag og kveldstid etter arbeidstid. Nytt frå hausten 2021 er at ein vil etter avtale få moglegheit til å være med via Teams dersom ein er hindra i personleg oppmøte.

Kven kan melde seg på?

Vaksne som har behov for støtte til å endre levevanar for betre helse og meistre helseutfordringar. Du treng ikkje ha noko diagnose eller tilvisning i frå lege for å delta på kurset.

Planlagde kursdatoar for våren 2022

  • 23. februar
  • 09. mars
  • 23. mars
  • 06. april
  • 20. april
  • 11. mai

Klikk her for å melde deg på Det er begrensa antall plasser.

Dette seier tidlegare deltakarar:

«Kurset har vore ei påminning/ eit spark bak i høve til å fokusere på det friske. Akseptere den nye kvardagen, og likevel være aktiv innanfor dei nye rammene».

«Eg har i løpet av kurset fått nyttige verktøy, spesielt vil eg trekkje frem det som går på verdiar, og på å endre åtferd. Eg er blitt meir bevisst på kor viktig det er å sette grenser».

«Eg har begynt å trene regelmessig, og føler at eg har nådd målet om å komme inn i gode treningsrutinar. Kurset har verkeleg våre eit spark bak, og eg er mykje meir aktiv no samanlikna med tidlegare».

Har du spørsmål til kursa eller lurer du på om det kan passe for deg?

Du når Alver kommune på telefon: 40 91 04 88, eller
e- post: frisklivogmeistring@alver.kommune.no


Sist oppdatert: 26.04.2022
Publisert: 07.01.2022