testerGulenNyheiterKorleis står det til med folkehelsa i Gulen kommune?

Korleis står det til med folkehelsa i Gulen kommune?



Undersøkinga er eit samarbeid mellom Folkehelseinstituttet og Vestland fylkeskommune, i dialog med kommunane. Spørsmåla handlar om helse, trivsel, livskvalitet og andre forhold som har betyding for folkehelsa. Deltakarane blir trekt tilfeldig frå folkeregisteret, og vil få invitasjon via SMS og e-post. I kommunar med færre enn 2000 vaksne innbyggjarar vil alle som ikkje har reservert seg få invitasjon til å delta. Undersøkinga vil gje Gulen kommune verdifull informasjon om korleis innbyggjarane har det.

Spørsmåla i undersøkinga er relevante både for folkehelsearbeidet i Gulen og til drift og planlegging innafor ei rekkje av kommunen sine ansvarsområde som samfunnsutvikling, oppvekst, helse, velferd, kultur og mobilitet.

Tolv heldige deltakarar blir trekt ut til å vinne universalt gåvekort – to på kr 2500 og ti på kr 1000.  

For meir informasjon og lenke til undersøkinga sjå
https://vestlandfylke.no/fhus

Kontaktinformasjon:

folkehelse@vlfk.no tlf.: 51 20 71 50

Gulen kommune tlf: 57 78 20 00


Sist oppdatert: 26.04.2022
Publisert: 24.04.2022