Ny kommune inn i kontaktsenteret
No er vi klar for å kople på fleire kommunar, og 03.03.2022 koplar Osterøy kommune seg på kontaktsenteret.
Dei av dykk som tek kontakt med kommunen på vårt sentralbordnummer
57 78 20 00 vil då oppleve at tilsette i Samnanger og Osterøy svarar telefonen, i tillegg til tilsette i Gulen.
Tal telefonar inn til kontaktsenteret vert omtrent dobla når Osterøy koplar seg på, men kontaktsenteret har god kapasitet og vi skal hjelpe alle som ringer. Vi har også aktivert ein ring tilbake funksjon som ein kan nytte dersom ein ynskjer det.
Vi ser fram til eit spanande og godt samarbeid med våre nye kollegaer på Osterøy.