testerGulenNyheiterTilskotsordning til bygningmessige tiltak

Tilskotsordning til bygningmessige tiltak

I Sogn og Fjordane er det i underkant av 400 lagseigde kulturhus. Mange av desse husa rommar mykje av den lokale frivillige kulturaktiviteten i lokalsamfunna. Å ha ein oppegåande og velfungerande stad å utøve aktivitetar, er ein viktig faktor for utviklinga av lokalt kulturliv og å gje gode tilbod til barn og ungdom. Ikkje minst er dette viktig for å motverke utanforskap og gi alle like moglegheiter til å delta i aktivitetar uavhengig av kvar du bur.

Gåveordninga er avgrensa til lokale kulturhus i Sogn og Fjordane og skal gå til bygningsmessige tiltak. Dvs. alle fysiske formar for tiltak på organisasjonseigde hus, som renovering av tak, veggar, vindauge, kjøkken, toalett, universell utforming osv.

Søknadsfrist er 15. april.

Informasjon om ordninga og søknadsskjema  finn de her:
HUSET I BYGDA (arcgis.com)


Sist oppdatert: 26.04.2022
Publisert: 25.03.2022