Ergoterapi

Ergoterapeutar finn løysingar når det blir eit gap mellom helsa og kvardagens krav. Dersom du har nedsett fysisk og/eller kognitiv funksjonsevne, kan ergoterapeuten hjelpe deg til å trene og leggje til rette for meistring av aktivitetar som er viktig for at du skal kunne leve eit aktivt liv og delta i samfunnet.

Slik søkjer du

Ta kontakt med ergoterapeutane, sjå kontaktinformasjon under.

Kva kostar det?

Ergoterapi er gratis.

Kva får du?

  • Kartlegging og undersøking
  • Trening og oppfølging
  • Bistand til tilrettelegging av omgjevnader
  • Råd og rettleiing
  • bistand til å søke om tekniske hjelpemiddel på varig utlån frå NAV hjelpemiddelsentral. Har du behov for hjelpemiddel for ein kortare periode, kan du låne dei gratis frå hjelpemiddellageret i kommunen

Trykk her for å lese meir om hjelpemiddellageret vårt.

Krav til søkjar

Tenesta er for barn, vaksne og eldre som bur eller oppheld seg i kommunen. Du treng ikkje tilvising frå lege.

Kontakt oss

Besøksadresser

  • Gulen sjukeheim
    Eivindvikvegen 1149
    5966 Eivindvik

Sist oppdatert: 26.04.2022
Publisert: 05.07.2018